Grannelova § 9

Lov om rettshøve mellom grannar (grannelova) · i kraft fra 1. januar 1962

Det økonomiske tapet nokon lid av skade eller ulempe i strid med nokor føresegn i §§ 2-5 er den ansvarlege skyldig til å bøta, anten han sjølv eller nokon han svarar for, har gjort seg skuldig i aktløyse eller ikkje. Det gjeld og skade eller ulempe av tiltak som er fremja i samsvar med avgjerder etter § 7 , jf. § 8 , eller av tiltak med slik oreigningsrett som nemnt i § 10 første stykket bokstav (b) eller som er lovleg etter forurensingslova av 13. mars 1981 nr. 6 .

Den ansvarlege sitt ansvar kan lempas etter reglane i skadeerstatningslova § 5-2 . Oppstår skade eller ulempe på fast eigedom eller ting, skal det ved bruken av skadeerstatningslova § 5-2 takast omsyn til om eigedomen eller tingen tåler særleg lite.

Når skadelidaren etter god granneskikk burde sagt frå tidlegare, kan skadebotkravet falla bort eller skadebota setjast ned.

Denne paragrafen minkar ikkje den retten nokon har til skadebot etter dei elles gjeldande rettsreglane.

Se paragrafen på Lovdata

Artikler som forklarer Grannelova § 9

Spør om din egen situasjon

Svar basert på norsk lov – gratis, uten registrering

← Grannelova § 3Grannelova § 10 →

Alle paragrafer i Grannelova hos SmartJuss

Kilde: Lovdata (lovdata.no), Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0). Teksten er hentet fra vår lovdatabase 14. november 2026. Det er den kunngjorte teksten i Norsk Lovtidend som gjelder. Generell informasjon, ikke juridisk rådgivning.