Hevdslova § 1

Lov om hevd [hevdslova] · i kraft fra 1. januar 1967

Etter denne lova kan det vinnast hevd på eigedomsrett eller bruksrett til ting.

Med ting er meint fast eigedom, lausøyre og rettsgilde verdepapir. Med verdepapir er meint omsetningsgjeldsbrev og dermed likestilte dokument og omsetningspapir som representerer retten til ein part i eit selskap.

Likt med bruksrett er rekna handpantrett.

Det kan ikkje vinnast hevd til lausøyre som har arkeologisk, forhistorisk, historisk, litterær, kunstnarisk eller vitskapleg verde, og som er teke frå nokon

1. ved tjuveri, brukstjuveri, ran eller anna vald eller trugsmål om vald, eller

2. ved at lausøyret er ulovleg utgrave, eller halde attende ulovleg i samband med ei lovleg utgraving.

ved tjuveri, brukstjuveri, ran eller anna vald eller trugsmål om vald, eller

ved at lausøyret er ulovleg utgrave, eller halde attende ulovleg i samband med ei lovleg utgraving.

Det kan heller ikkje vinnast hevd til lausøyre som vert omfatta av lov om godtroerverv av løsøre 2. juni 1978 nr. 37 § 2 nr. 2.

I avtale med framand stat kan det gjerast unntak frå føresegnene i lova her.

Se paragrafen på Lovdata

Artikler som forklarer Hevdslova § 1

Spør om din egen situasjon

Svar basert på norsk lov – gratis, uten registrering

Hevdslova § 2 →

Alle paragrafer i Hevdslova hos SmartJuss

Kilde: Lovdata (lovdata.no), Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0). Teksten er hentet fra vår lovdatabase 14. november 2026. Det er den kunngjorte teksten i Norsk Lovtidend som gjelder. Generell informasjon, ikke juridisk rådgivning.