Opplæringslova § 12-8
Tvangsmulkt
For å sikre gjennomføringa av vedtak etter § 12-6 kan statsforvaltaren og klageinstansen fastsetje tvangsmulkt for kommunar og fylkeskommunar. Tvangsmulkt kan fastsetjast samtidig med vedtaket eller seinare.
Ei avgjerd om tvangsmulkt får verknad når kommunen eller fylkeskommunen ikkje held fristen for gjennomføring av vedtaket etter § 12-6 , og mulkta går til vedtaket er oppfylt. I vedtaket om tvangsmulkt kan det setjast ein seinare frist for gjennomføring enn den som vart sett etter § 12-6 . Ei avgjerd om tvangsmulkt får ikkje verknad dersom det er uråd å rette seg etter vedtaket og den ansvarlege ikkje kan noko for det.
Avgjerda om tvangsmulkt skal behandlast etter reglane i forvaltningsloven kapittel IV og V .
Mulkta går til statskassa. I særlege tilfelle kan tvangsmulkta reduserast eller falle bort.
Departementet kan gi forskrift om kva slags tvangsmulkt som kan nyttast, og om kor stor mulkta skal vere.
Artikler som forklarer Opplæringslova § 12-8
Spør om din egen situasjon
Svar basert på norsk lov – gratis, uten registrering
Registrer deg gratis for å lese hele svaret og stille oppfølgingsspørsmål
Les hele svaretAlle paragrafer i Opplæringslova hos SmartJuss
Kilde: Lovdata (lovdata.no), Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0). Teksten er hentet fra vår lovdatabase 14. november 2026. Det er den kunngjorte teksten i Norsk Lovtidend som gjelder. Generell informasjon, ikke juridisk rådgivning.