Opplæringslova § 11-7
Vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring og krav om sakkunnig vurdering

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) · i kraft fra 1. august 2024

Før kommunen eller fylkeskommunen avgjer om ein elev har krav på individuelt tilrettelagd opplæring, skal dei hente inn ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal ta stilling til om eleven treng individuelt tilrettelagd opplæring. Dersom eleven også treng personleg assistanse eller fysisk tilrettelegging etter §§ 11-4 og 11-5 , skal den sakkunnige vurderinga gi ei heilskapleg vurdering av kva for tilrettelegging eleven treng.

Kommunen og fylkeskommunen kan berre fråvike den sakkunnige vurderinga dersom dei kjem til at eleven kan få tilfredsstillande utbytte av opplæringa på ein annan måte. Ei slik avgjerd skal vere grunngitt i vedtaket. I vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring kan det gjerast unntak frå reglane om innhaldet i og organiseringa av opplæringa.

Eleven eller foreldra må samtykkje før kommunen eller fylkeskommunen gjer ei sakkunnig vurdering, og før dei gjer vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. Eit tilbod om individuelt tilrettelagd opplæring skal utarbeidast i samråd med eleven og foreldra, og det skal leggjast stor vekt på kva eleven og foreldra meiner.

Se paragrafen på Lovdata

Artikler som forklarer Opplæringslova § 11-7

Spør om din egen situasjon

Svar basert på norsk lov – gratis, uten registrering

← Opplæringslova § 11-6 Individuelt tilrettelagd opplæringOpplæringslova § 11-8 Kva den sakkunnige vurderinga skal innehalde →

Alle paragrafer i Opplæringslova hos SmartJuss

Kilde: Lovdata (lovdata.no), Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0). Teksten er hentet fra vår lovdatabase 14. november 2026. Det er den kunngjorte teksten i Norsk Lovtidend som gjelder. Generell informasjon, ikke juridisk rådgivning.