Opplæringslova § 12-4
Plikt til å sikre eit trygt og godt psykososialt skolemiljø (aktivitetsplikt og dokumentasjonsplikt)

Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova) · i kraft fra 1. august 2024

Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på korleis elevane har det, og om mogleg gripe inn dersom nokon krenkjer ein elev.

Alle som arbeider på skolen, skal melde frå til rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Det gjeld også når ein elev seier sjølv at ho eller han ikkje har det trygt og godt. Skolen skal snarast undersøkje saka og rette opp situasjonen med eigna tiltak. Rektor skal melde frå til kommunen eller fylkeskommunen i alvorlege tilfelle.

Skolen skal lage ein skriftleg plan for tiltaka i ei sak. I planen skal det stå

1. kva problem tiltaka skal løyse

2. kva tiltak skolen har planlagt

3. når tiltaka skal gjennomførast

4. kven som skal gjennomføre tiltaka

5. når tiltaka skal evaluerast

kva problem tiltaka skal løyse

kva tiltak skolen har planlagt

når tiltaka skal gjennomførast

kven som skal gjennomføre tiltaka

når tiltaka skal evaluerast

Skolen skal dokumentere kva som blir gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til andre ledd, i den forma og det omfanget som er nødvendig.

Se paragrafen på Lovdata

Artikler som forklarer Opplæringslova § 12-4

Spør om din egen situasjon

Svar basert på norsk lov – gratis, uten registrering

← Opplæringslova § 12-3 Nulltoleranse og førebyggjande arbeidOpplæringslova § 12-5 Skjerpa plikt til å melde frå dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev →

Alle paragrafer i Opplæringslova hos SmartJuss

Kilde: Lovdata (lovdata.no), Norsk lisens for offentlige data (NLOD 2.0). Teksten er hentet fra vår lovdatabase 14. november 2026. Det er den kunngjorte teksten i Norsk Lovtidend som gjelder. Generell informasjon, ikke juridisk rådgivning.